27/08/2015

Feltarbeid-blues







telle, måle
gå dei bratte bakkane
sol, klegg, jævla mygg
regn, vind, knott, 
jævla tusjpenn som ikkje skriv
saknar krægget, saknar folkens
kliv litt på ein stein 
nett som når eg var ti 
lata som det var Everest
no latar eg som eg er Slingsby,
og steinen er Storen
telle, måle
gå dei bratte bakkane
saknar folkens
saknar dissing av 
Elixia-klatrarane
går på veggen
heng litt i dørkarmen
veike fingre, faen og!
mitt kongerike for eit campusbrett
telle, måle, 
gå dei bratte bakkane
sol, klegg, knott
vind, regn, mygg
jævla tusjpenn!

- Berre fem dagar att




No comments:

Post a Comment