15/08/2015

Høveleg på Høvringen

Odd Rune er stærk!
 Finvér og attende i byen etter 2 veker feltarbeid kleia det i fingrane etter å tafse på stein. Nokre lynmeldingar over internettet seinare vart det klart at dagens mål nok blei Høvringen, eit relativt ferskt tilskot blant dei trønderske buldrekrægga. På tide å sjekke nybrotsarbeidet som blir gjort! Timar seinare stod ei fin rekke bilar parkert på den tynne stripa med gras mellom busslomma og gangvegen ute ved Høvringen. Opp i skogen via noko som likna ein stig var det naturleg å lure litt på kven som faktisk hadde teke turen opp hit i fyrste omgang... Anmarsj: Terningkast to.



Eirik på hjørnet.
Etter litt vasing i mosebekledd steinrøys kom vi fram til Hjørnesteinen. Artig steinkvalitet med mykje ispett av kvarts/krystallar. Her prøvde eg starten på Hjørnesteinsbulderet (7A), men feiga ut i noko som blei ein femmar etter starten. Gjorde ein del høvelege forsøk på Seniorbuldern, eit fint bulder der mykje av cruxet ligg i startflyttet. (6C+, men litt usikker på om vi har rett linje, da vi avslutta litt mot venstre, mens den på 27crags er teikna ganske rett opp). Brukte ei stund på å å få stabla kroppen inn i rett startposisjon, men når det var gjort satt starten ganske greit. Toppen blei litt fuktig og psykande for meg denne dagen. Forbanna feiging som eg er.. Odd Rune og Ben byrja å jobbe med sjølve hjørnesteinsbulderet. Etter ei passe mengde banning, ekstremt skumle fall og justering av beta satt den endeleg for Odd Rune. Eirik og Antoine fekk sendt Skogsingeniøren, og vi var alle ganske fornøygde. Steinkvalitet: Terningkast 4 (Litt trekk for tak som smuldra opp).

Utsikta er ikkje så verst da!
Deretter tok Eirik oss på omvisning, forbi atletebulderen, skarpeggen og i retning det vi trudde var den nye veggen. Det synte seg at Eirik berre hadde lyst til å vise oss kor mange potensielle nye bulder det var i området, eller så hadde han berre gått seg bort... Vi endte i alle fall til slutt opp ved munksvaet etter mykje tråkking i skogen. Munkveggen har fire bulder på ca 5'ern (Ein vart snøgt nedgradert til ein 4'ar etter funnet av ein ganske opplagt undercling). Mykje fint for nybyrjarar; Shaolin må seias og væra ein av dei finare 5'arane eg har gått. Utsikta frå topplatået, ut over fjorden og Munkholmen var eigentleg berre prikken over i'en. Anmarsj nedjustert til terningkast ein, utsikt oppjustert til terningkast fire.

Konklusjon: Fine etablerte bulder, stort potensiale for fleire linjer, fleire fine linjer for dei som vågar seg ut på stein for fyrste gong. Diverre skjemma av litt uryddig anmarsj, men med meir trafikk og rydding av eit par stigar, vil nok dette ta seg opp. Høvringen der altså: Grab it while it's hot; Snart vil ein eller annan surpomp si at han tykte det var toppers før det blei kommerst og bermen tok over krægget.

Anmarsj: +
Steinkvalitet: ++++
Problemkvalitet: ++++
Utviklingspotensiale: +++++


No comments:

Post a Comment