30/08/2016

Alle dessa bulder som kom och gick...

Det er sjeldan eg spør meg sjølv kvifor eg driv på med dette. Unntaket er når eg ligg med blødande fingre under eit bulder eg har dutte av alt for mange gonger. Glippa det eine flyttet eg har prøvd på heile sumaren nok ein gong. Da kan det dukke opp flyktige tankar som "Kvifor i svarte satan driv eg på med det her?!".

Men der låg eg altså, ein junikveld og kjika opp på denne vesle steinen eg allereie hadde investert fleirfaldige timar på. Foten hadde poppa nok ein gong, og tuppen av langfingeren hadde ei djup flenge som blødde godt. Nok ein gong hadde dei kvasse krimpane på veggen over meg vunne over kroppen min. Det var berre ein ting å gjera; Finne fram kaffe og kvikk lunsj og sjå sola gå ned over kvitveis, skog og stein. Liten skuffelse, stor kvardagslykke. Ein dag skal eg klatra over kanten på denne steinen, og nett som Sisyfos er det berre å setja seg ned under ein ny stein og byrje ein ny kamp.




No står det august på kalenderen og det er vel på tide å gå gjennom sumarens sendeskjema. Kurva på 27 crags peikar oppover, fleire av steinane som tygde drøv på meg og heiv meg av i fjor blei lett trilla opp Sisyfosbakken i vår. Minst like mange har trilla ned til botnen av bakken og ligg der og skuler på meg meg skjemt i blikket "Så du trur du har blitt sterk? Tru om at!". Eg skal væra den fyrste til å innrømme at eg bruker nok tid på å glo på ticklista mi, og at det føles godt å sjå ei kurve som peikar opp. Likevel, utan å bli for pompøs eller å dra fram tynnslitne Zappfe-linjer, så er desse tala verken spesielt imponerande, eller spesielt intressante. Det er historia bak tala som gjev svaret på dette spørsmålet som dukkar opp der ein ligg som ein møyrbanka tufs under eit bulder som ikkje ville gi seg den dagen.

Følelsen av å kunne sessionflashe Oppvarmingseggen på vårens fyrste tur til Harbak. Lukta av tennveske og svidde pølser som breier seg ut over myra ved Snillfjorden, medan ein prøver å sutra seg til litt sympati for ein ankel som ser ut som kjöttbullar frå IKEA, men alt ein får til svar er at "Kanskje du burde fokusere litt meir på kva du driv med neste gong du sett på den hælhooken?". Gleda i ansiktet til gamle og nye kompisar der dei står på toppen av sitt fyrste bulder, eller berre har fått til eit flytt dei har streva lenge med. Skrekken når ein ser kompisen kjem flygande som eit fyllesjukt fly etter å ha missa toppen på dynodiederet. Den harry, men joviale humringa av ein beta som fløymer over av seksuelle innuendo. Joviale kranglar om lengde, gorillafaktor, styrke og grader som aldri tek slutt.

Den ambivalente, tome følelsen ein har når ein står på toppen steinen ein har streva lenge med. Godfølelsen som kjem sigande litt seinare. Skrekken i sjela når ein strekker seg etter toppen på Spinnvill, overraskinga når ein 2 sekund etter ligg langflat på padden, gleda når ein ved neste forsøk kald og roleg kan gripe tak i kanten og mantle seg opp toppen. Oppgittheita innvendes når ein ligg på ryggkulen under Pincher'n på hjørnet og kjikar opp gjennom rognetrea, etter nok ein gong å ha bruke all styrke ein kan mobilisere (og ikkje eingong fått ræva opp frå padden). Håpet ein får når ræva lyftar seg 2 cm på neste forsøk. Gleda over å skrape opp fingrane på å skli av neste tak ein session seinare...

Lukta av rå skog og kvitveis, lukta av sjøen som slær inn mot Korsvika eller Harbak, bilen som rullar inn på ferga til Fosen eitt minutt før avgang, kaffe og svele, rosiner og sjokolade. Gleda over å væra eit fritt menneske, priviligert nok til å kunne finne glede i å leike seg på stein som om ein var fem år for evig og alltid. Forventningane til neste session, forventningane til kor ufatteleg sterk eg skal bli i løpet av vinteren!

Kjöttbullar från IKEA.

Ja, så sitter vi her igjen.


Forventning.

Der oppe ligg kanskje paradis.

Sånn går no dagan.



No comments:

Post a Comment