14/10/2015

CR: To-dagers

Åtvaring: Denne crag-rapporten inneheld banneord. Foreldrerettleiing anbefales.

På: Buldrebiff i alle fargar
S&D: Supersvatraversen (6B+), Atletbuldern (6A+)
Forhold: Haustfargar og skogsidyll 
Bilde-kredd: Ulf


Ulf heng i.
Kroppen verker, eg har stort skrubbsår på kneet, og blåmerke eg ikkje anar kvar dei kjem i frå. Eg har nokre fjerne minne av å ha ropa høgt både i sinne og av glede. Verda virkar litt fjern, og det går litt treigt på jobb. Ja, det er vel ikke mindre å vente etter ein real to-dagers. Det er bra det er regn, for eg trur ikkje den gamle skrotten min tålar ein tre-dagers lengre.


Haustferie, sola skin, og det enorme datasettet framfør meg verkar ikkje så forlokkande.. Fokus, fokus.. fok... Stein! Stein! STEIN! Før eg veit ordet av det fer fingrane kjapt over tastaturet "Kven blir med til Trolla/Høvringen i dag?" Folk bit på, folk har ferie... Før eg veit ordet har eg skreve "avspaserer etter lunsj" i kalenderen og sit i bilen ut mot Trolla. Planen er å pit-stoppe litt i Trolla for å varme opp og sjekke litt bulder i området 6A/6B, før vi dreg ut til Høvringen.


Klår litt på "Egghopper'n". Litt for feig i dag. Lite commitment i dynoen i dag. Ulf gir Sjustjernersbulderet eit par gode runder, men det vil ikkje i dag heller. "Prøv Supersvatraversen" seier Eirik, "den trur eg passar deg". Som sagt så gjort. Artig start, men cruxet gjennom diederet verkar alt for tungt. Får ikkje eingong på fingrane på krimpen, før dei poppar av. Finpuss av beta. Finn posisjon i krimpen. Fortsatt tungt, men overkomleg. Meir finpuss. Betabank Eirik spyttar beta raskare enn Jay-Z seier "New York". Tåhook, hælhook, kneebar, FAEN! Tåhook, hælhook, kneebar, FAEN! Tåhook, hælhook, kneebar, hælhook, len over mot bøtta på toppen, FAAAAEEEEN!! HELVETTE!! Fingrane sklir desperat ut av topptaket, og eg er sikker på at dei høyrde banninga mi heilt inn til byen. Ulf og Stacy går på med dødsforakt, men diederet spyttar dei av veggen med same forakt. Lang historie kort: Armane vert svakare, og forsøka dårlegare. Det er berre å pakke saman og dra heim. Lauselege avtaler om å ta ein kviledag og dra ut igjen på fredag.

Promo frå den nye Chippendales-forestillinga.
Torsdag morgon, kroppen i ruin. Sjekkar yr.no; Pokker! Det blir regn på fredag. Jungeltelegrafen til Ulf: "Sikkert jævlig dumt, men det blir regn i morra. Supersvatraversen i ettermiddag?" "Ja, usaklig dum idé, jeg er med!". Så sagt, så gjort. Ut til Trolla, varmar opp litt på Padda. Kroppen verker, fingrane er såre, motivasjonen heller laber. Tuslar ned til traversen, legg ut pads og får på klatresko. Ulf gir den eit forsøk, men fell. Eg blir ikkje meir motivert. Sett meg godt til rette på starttaka. Tåhook, hælhook, kneebar, hælhook, len over mot topptaket, sendt. Hæh? Så lett? Hurra eg greidde det!! 6B(+) ny pers! Dette kan ikkje Ulf leva med, så han sett seg sporenstreks ned og sender likegodt heile traversen han og! Fistbumps og høge femmere over heile fjøla. Høgt adrenalin! La oss dra til Høvringen!! Sjekke Atletbuldern! Jaa!! No får vi til alt!!

Traskar opp i skogen til Atletbuldern, kjenner på fingertaka.. Fy fanken, det svir. Gir den eit forsøk,
fy satan det var tungt. Eit forsøk til, sekvensen sit betre, men finn ikkje det søte punkt på tredjetaket. Glepp av, bannar, motivasjonen synk. Ulf derimot gjev ikkje opp, og etter eit par bra forsøk så sit den for han. Eg blir diverre ikkje psyched av det heller, og fastslår at det er på tide å dra heim. Atletebulderet får stå til ein annan dag; Eg er klar for kviledag i morgon. Fredagstaco og gullrekka høyres heilt rett ut.




"....også seier du berre "mellon"
Klassisk, årvåken spotting. "I got it, I got it!"
If you want blood, you got it.
"Eg er sikker på at eg la den her!"

Tru det eller ei, men dette er Ulfs "eg har sendt"-fjes.
"Kva heitte den her? Må regge på 27crags sjø!"

"også berre dreg du lua godt bakover på skolten og du har naila bygde-looken"
Just another guy on the lost highway.

No comments:

Post a Comment