31/07/2015

Folket som byggjer landet, eller historia om Dampen

"Du kanske tror att det är medelklassen
Du kanske tror att det är finansaktörerna
Du kanske tror att det är experterna
Du kanske tror att det är direktörerna
Men det är folket som bygger landet
Folket är dom enda som kan det
Det kommer underifrån
När den dagen är här

Om folket vill så bygger folket landet"
- Ulf Lundell


Kanskje verdas reddaste tinderanglar..
Da Ulf kom til meg og spurte om eg ville bli med å skrive klatreblogg tenke eg "Er du gæern mann! Eg? Som fortsatt slit med å krafse meg opp 6A på Harbak? Eg? Som vart dradd i korttau, krypande på alle fire, over halve smørstabbtraversen? Eg? Ein heilt vanleg helgekrigar i klatreland? Som trives betre i sofaen med Slingsby og Zapffe enn alt for høgt opp i bergveggen?" Det eg sa derimot var "Ja, det blir fett! ". Eg eig da tross alt vore både i Font og på fjellsportkurs. Eg trur til og med at eg har eit par hexar innerst i skapet...


Så sit ein her da, med fingrane på tastaturet og prøver å koma på noko meir særeige enn parafrasering av"Tindesporten er like meningsløs som selve livet!". Eventyras tid er over, og vi oljebarna har kome til ferdig dekka dessertbord med svaskoa på."Du dro jo hjem til Skjåk med pad og kost, og børsta fram ditt eget bulder, skriv om det!", seier Ulf. Så ja... Når dei høge tindane er besigra og sjølv dei store eventyra føles små, er det på tide å gjera dei små eventyra store (© 2015 Jørn prøver for hardt).

For ein ting er å koma til eit fiks ferdig, etablert og ferdigpussa krægg. Noko heilt anna er følelsen av å bestiga steinen du sjølv fant, og du stod rafsa mose og lav av i timesvis. Eller har du kanskje aldri reflektert over kor favorittbulderen din kjem i frå? Du trudde kanskje den alltid hadde vore der, ferdigskurt av Tor og Odin ein gong etter fyrste istid og berre låg der og venta på at du skulle koma og sende fyrstebestigninga? Eller kanskje du trudde du måtte buldre langt opp på 8'ern for å etablere eigne bulder?

Nei, eg skal ikkje vera patroniserande og slem, for med mindre du er Elixia-klatrer trudde du nok ikkje det. men her kjem i alle fall ei slags historie om gleda i å koma seg ut i skog og mark med ein gamal tannkost i handa for å byggja sitt eige vesle imperium. For meg er det ikkje så farleg om det er det russiske imperiet eller Vatikanstaten. Det som er viktig er den barnslege gleda i å utforske, skapa og mestre. I tillegg syns eg det skulle bli for dumt å dra heim til ei av noregs største steinrøyser og sitja der og klage på at formen synk fordi det ikkje finst noko buldrefelt der.

Puss, puss..
Så stod vi der da, eg og Eksil-Trønder'n, med kvar vår kost i handa og kikka på denne gigantiske steinen vi nyst hadde funne. Vi byrja og pusse den mest opplagte sida fyrst, og før vi visste ordet av det hadde vi ei fiks ferdig 3'ar trapp. "Ja da kan vi jo i det minste klatra ned igjen greit", sa Eksil-Trønder'n før han pussa så hardt på ein undercling at heile taket datt av. Det synte seg fort at det ikkje var vinterens campustrening som no hadde bore frukt, men at heile denne sida av steinen eigentleg berre var lause flak. Stemninga sank definitivt fleire hakk da det fine problemet vårt blei redusert til steinrøysa nerri bakken.

Så da var det berre å gje seg i kast med andre sida, som var bygda av ypperleg norsk grunnfjell. Denne sida var så glatt og vertikal at vi sleit med å i det heile tatt finna ein veg opp. Ein ståstart via ei lita hylle blei fort etablert, med ein ganske kul balansesekvens. Sitt-starten derimot sat mykje lengre inne. Kanskje var det ikkje mogleg i det heile teke. Eksil-Trønder'n nekta å gi opp, og etter kvart fant han ein beta som funka. Kompressjon på hyllekanten og opp til ein slapp krimp. Ikkje lengje var Skjåk's fyrste bulder på 6'er talet ein realitet og Eksil-Trønder'n kunne juble over FA. Fleirfoldige timar med skrubbing av mose og lav hadde bore frukt! "Dar kjem dampen" var etablert, Ivar Medaas jublar i grava og draumen lever!


Det tok meg to sommarferiar til med håplause forsøk før det som mest sansynleg er andrebestigninga satt for meg, men dæggern for ein godfølelse det var å kunne erobra eit bulder der ein sjølv hadde vore med på heile prosessen! Kanskje eg er litt partisk sidan eg var med på skapinga men eg syns i alle fall at det blei eit knall bulder og skal med glede fortsetja jakta på nye bulder! Eit par ting har eg i alle fall lært av det heile; Det er mykje meir jobb å etablere nok enn å koma til eit fiks ferdig krægg med førar, og eg set mykje meir pris på den jobben som er lagt ned på krægga no.  Kanskje legg eg litt vel mykje i ein skarve stein og eit skarve bulder, men det må eg jo; ellers blir det ingen blogg.

No comments:

Post a Comment